Stønadskriterier
For å søkje midlar frå SOMU pliktar søkjar å:
Ha nær tilknyting til Sogn og Fjordane.
Vere over 18 år. Dersom søkar er under 18 år kan ein søka via ein føresett.
Rapportere etter gjennomført prosjekt ved tilslag.
Ein kan ikkje søke om stønad til prosjekt som er fullførte før søknaden er sendt.
Alle søknadar må ha budsjett.
SOMU fullfinansierer ikkje prosjekt.
Godkjenne personværnerklæring for utfylling av elektronisk søknadsskjema* (dette gjer ein i søknadsskjemaet).
Avslag på søknadar til SOMU vert ikkje grunngjeve.
-
Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under “Lov om behandling av personopplysninger”. Det er eit viktig mål for oss å respektere og ivareta ditt personvern når du nyttar vårt søknadsskjema. Ingen personopplysingar vert samla inn utan at du på førehand er gjort kjent med det og har gitt ditt samtykke. Dette samtykket gir du ved å krysse av for at du er kjent med våre retningslinjer for personvernhensyn i søknadsskjemaet og at du samtykker i behandlingsmåten i beskrivinga av ordninga.
Når du kryssar av i vårt elektroniske skjema, gir du samtykkje til at dine personopplysningar (for eksempel ditt namn eller di e-postadresse, hvis du har oppgitt desse) vert samla inn av Sogn og Fjordane musikkfond.
Dersom du vel å avbryta utfylling av skjemaet midt i utfyllingsprosessen, slettast alle data du har lagt inn i skjemaet. Ingen av dataane er tilgjengeleg for Sogn og Fjordane musikkfond før du vel å klikke på “send-knappen” nederst i skjemaet. Du samtykkjer med dette i at alle opplysningane vert sendt til Sogn og Fjordane musikkfond. Vi tilgjengeliggjer data for tildelingsutvalet for støtteordninga som nyttar dei innsamla data på same måte som om du hadde sendt inn eit skjema på papir.
Du har på anmodning rett til å sjå opplysningene Sogn og Fjordane musikkfond har registrert om deg.
Du stadfestar at du er over 18 år.