Rapportering
Rapport og rekneskap skal sendast på mail til ingrid@brak.no, seinast eitt år etter innvilging av stønad. Dersom noko endrar seg og ein treng meir tid, kan ein søkje om utsetting.
Tips til rapportskriving finn du på Musikkontoret.no
-
Hold det enkelt: Kva blei gjort, kva skjedde, eventuelt kva skjedde ikkje?
Rapport skal leverast som PDF, inkludert all informasjon og vurderingar. Rekneskap leverast i ein PDF for seg.
-
Her må ein ofte leite litt, men å ha konkrete tal å vise til kan også hjelpe deg etter at rapporten er levert.
Sjå gjennom kor mange folk som kom på konsertane, billettar solgt, straumetal på Spotify, eller tal på nye visningar på Youtube i perioden. Dette er handfaste og konkrete tal som viser at det du har gjort har hatt ei reell påvirking.
Og ikkje minst; finn fram tala frå rekneskapet.
-
Korleis syns du sjølv det har gått? Korleis har stønaden bidratt inn i prosjektet?
Er det noko de kan gjere annleis neste gang?
Det er ingenting i vegen for å ikkje inkludere refleksjon, utfordringar, moglegheiter vidare osv. Men hold det gjerne kort og konsist.